Kunnskapsløftets kompetansemål i samfunnsfag

                                   – grunnskolens 8–10 trinn –

Hva du skal lære på skolen er skrevet ned i læreplanen Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2006. Nedenfor kan du lese om hva du skal vite og mestre i samfunnsfaget. Det er kompetansemålene som angir hva du skal lære.

Samfunnsfaget er delt inn i tre hovedområder – geografi, historie og samfunnskunnskap. Det er knyttet kompetansemål til hvert hovedområde.

Kompetansemål i samfunnsfag etter 10. trinn

Geografi

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  1. lese, tolke og bruke papirbaserte og digitale kart og kunne bruke målestokk og kartteikn
  2. gjere greie for eigne rettar og konsekvensar når ein arbeider på Internett og publiserer sitt eige materiale
  3. lokalisere og dokumentere oversikt over geografiske hovudtrekk i verda og samanlikne ulike land og regionar
  4. fortelje om naturgrunnlaget med vekt på indre og ytre krefter på jorda, rørsler i luftmassane, krinsløpet til vatnet, vêr, klima og vegetasjon, og drøfte samanhengar mellom natur og samfunn
  5. beskrive og forklare natur- og kulturlandskapet i lokalsamfunnet
  6. forklare korleis menneske gjer seg nytte av naturgrunnlaget, andre ressursar og teknologi i Noreg og i andre land i verda
  7. vurdere bruk og misbruk av ressursar, konsekvensar det kan få for miljøet og samfunnet, og konfliktar det kan skape lokalt og globalt
  8. gjere greie for storleik, struktur og vekst i befolkningar og drøfte befolkningsutvikling og flytting i nyare tid, inkludert urbanisering
  9. forklare og drøfte variasjonar i levekår i ulike delar av verda og samanlikne og vurdere dei store skilnadene mellom fattige og rike
  10. drøfte premissar for ei berekraftig utvikling

Hvor i Kosmos finner du innhold for å mestre kompetansemålene for geografi?

Kapitler i Kosmos Kompetansemål fra LK06
Kosmos 8
1, 2, 4 og 5 4
3 1
6, 7 4 og 5
8, 9, 10, 11 og 12 4
13 og 14 3
Kosmos 9
1 5
2, 3 og 4 6
5 7
Kosmos 10
1, 2 og 3 8
4 og 9 10
5, 6, 7 og 8 9

Kompetansemål nr. 2 er dekket i oppgavene i Kosmos 810.

Historie

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  1. finne døme på hendingar som har vore med på å forme dagens Noreg, og reflektere over korleis samfunnet kunne ha vorte dersom desse hendingane hadde utvikla seg annleis
  2. presentere ei historisk hending med utgangspunkt i ulike ideologiar
  3. skape forteljingar om menneske i fortida, og slik vise korleis rammer og verdiar i samfunnet påverkar tankar og handlingar
  4. søkje etter og velje ut kjelder, vurdere dei kritisk og vise korleis ulike kjelder kan framstille historia ulikt
  5. drøfte menneskeverd, rasisme og diskriminering i eit historisk og notidig perspektiv med elevar frå andre skular ved å bruke digitale kommunikasjonsverktøy
  6. presentere hovudtrekk ved historia og kulturen til samane frå dansketida til i dag, og drøfte forholdet deira til storsamfunnet
  7. presentere viktige utviklingstrekk i norsk historie på 1800-talet og første halvdelen av 1900-talet, og forklare korleis dei peikar fram mot samfunnet i dag
  8. forklare framveksten av velferdsstaten og beskrive trekk ved det moderne Noreg
  9. forklare teknologiske og samfunnsmessige endringar som følgde av den industrielle revolusjonen
  10. drøfte idear og krefter som førte til den amerikanske fridomskampen og den franske revolusjonen, og følgjer som dette fekk for den demokratiske utviklinga i Noreg
  11. gjere greie for imperialisme og gje døme på avkolonialisering
  12. lage spørsmål om sentrale internasjonale konfliktar på 1900-talet og i vårt eige hundreår, formulere årsaksforklaringar og diskutere konsekvensar av konfliktane
  13. drøfte viktige omveltingar i samfunnet i nyare tid, og reflektere over korleis dagens samfunn opnar for nye omveltingar

Hvor i Kosmos finner du innhold for å mestre kompetansemålene for historie?

Kapitler i Kosmos Kompetansemål fra LK06
Kosmos 8
Sporene fra fortida 4
1, 2, 3, 4, 5 og 6 10
7 9
Kosmos 9
1 1 og 7
2 9 og 11
3 12
4 1, 5, 7 og 12
5 5 og 12
6 6
Kosmos 10
1 2, 3 og 12
2 1, 3, 12 og 13
3 3 og 11
4 3 og 12
5 12 og 13
6 1, 3 og 8

Samfunnskunnskap

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  1. planleggje, gjennomføre og presentere problemorienterte samfunnsfaglege undersøkingar og vurdere arbeidsprosessen og resultata
  2. finne fram til og presentere aktuelle samfunnsspørsmål, skilje mellom meiningar og fakta, formulere argument og drøfte spørsmåla
  3. leggje ein plan for å starte og drive ei bedrift ut frå ei undersøking av grunnlaget for ei slik bedrift
  4. analysere utviklinga av rusmiddelbruk og røyking i Noreg og reflektere over haldningar til rusmiddel
  5. drøfte forholdet mellom kjærleik og seksualitet i lys av kulturelle normer
  6. beskrive korleis forbruksmønsteret har utvikla seg i Noreg og gjere greie for rettane til forbrukarane
  7. forklare kva haldningar og fordommar er og drøfte moglegheiter og utfordringar i fleirkulturelle samfunn
  8. utforske kva som krevst for at samfunn skal kunne halde fram å eksistere og samanlikne to eller fleire samfunn
  9. gjere greie for politiske institusjonar i Noreg og samanlikne dei med institusjonar i andre land
  10. gje døme på og drøfte demokrati som styreform, gjere greie for politisk innverknad og maktfordeling i Noreg og bruke digitale kanalar for utøving av demokrati
  11. diskutere årsaker til og følgjer av kriminalitet, og forklare korleis rettsstaten fungerer ut frå korleis eit aktuelt lovbrot er behandla
  12. forklare kvifor kultur ikkje er medfødd, og gjere greie for og analysere kulturelle variasjonar
  13. beskrive hovudtrekk i norsk økonomi og korleis vår økonomi heng saman med den globale økonomien
  14. gjere greie for grunnleggjande menneskerettar og drøfte verdien av at dei blir respekterte

Hvor i Kosmos finner du innhold for å mestre kompetansemålene for samfunnskunnskap?

Kapitler i Kosmos Kompetansemål fra LK06
Kosmos 8
1 8
2, 3 10
4 7, 8, 10
5, 6, 7, 8, 9 og 10 10
Kosmos 9
1 6
2 4
3 11
4 3
5 9
Kosmos 10
1 7, 8 og 12
2 13
3 5
4 14

Kompetansemål nr. 1 og 2 er dekket i oppgavene i Kosmos 810.


Login






© Fagbokforlaget | Kanalveien 51 | 5068 Bergen | Ordretelefon: 55 38 88 38 | Ordrefaks: 55 38 88 39 | ordre@fagbokforlaget.no | Cookies